Velkomne til heimesida til Hogane Vel !
Hogane byggefelt ligg på solsida med utsikt over kommunesenteret i Stryn kommune. Byggefeltet vart etablert i 1998 og Vel foreininga vart formelt stifta 12.mars 2009. Denne sida er i første rekke ei informasjons side for innbyggarane her i feltet men andre er også velkomne til å sjå innom sida vår.
Oppslagstavle, kva skjer?
Januar 2012
Følg oss på facebook !
Facebook gruppa til Hogane Vel har no heile 45 medlemmer ! Der vil du finne aktuell info og nyheter. Dersom du ikkje allreide er medlem så er du er hjerteleg velkomen til å bli med. Vi kjem heretter til å bruke facebook sida til å dele informasjon samtidig som du også gjerne må kome med innspel og idear.
Juni 2011
Jonsok feiring i Hogane !
Den 23.06 kl 18.00 blir det tradisjonen tru Jonsok feiring på Hogane Nærmiljøanlegg. Det er lov å kome før å fyre opp grillane.Det blir overraskingar for små og store.Ta med stol, mat og drikke og elles det du behøver. Nye og gamle er hjarteleg velkomne! 10.Mars 2011 Årsmøte i Hogane Vel, tysdag 22.mars kl.20.00 !
No står våren for døra og vi køyrer i gang med årsmøte på SMAK kafeteria.
Saklista blir som følgjer :
1 . Registrering
2. Godkjenning av innkalling
3. Val av møteleiar og referent, samt to til å skrive under protokoll
4. Årsmelding 2010
5. Regneskap 2010
6. Forslag til kontingent
7. Planar for komande år
8. Val
Det blir anledning til diskusjon, og utveksling av idear etter at årsmøtet er avslutta.
Vi i styret håpar at så mange som muleg har anledning til å møte denne tysdagskvelden og vi lovar deg en god kopp med kaffi og mykje informasjon om prosjekta som er på gang. Alle innspel er velkomne.
Vi sjåast !!
13.september 2010:
HAUSTDUGNAD !
Det blir dugnad to dager denne veka, på torsdag den 16/9 og laurdag 18/9. Vi skal m.a. lage gjerde over "brua" og skoge i området der gapahuken skal stå. Sjå meir info om tidspunkt og kva du kan bidra med under menyvalget dugnadskalender til høgre.
Ta kontakt med dugnadshøvding Einar Fredheim dersom du lurer på noko.
Vi i styret håper du har tid til å ta i eit krafttak før haustmørket senkar seg så møt opp !
Bildet nedenfor viser ein gapahuk som ikkje er veldig ulik den vi har tenkt å bygge ovanfor den austre bana på nærmiljøanlegget. Øyvind Hopland lagar teikningar som vi skal bruke i byggesøknaden.
Om vi rekk å bygge den i år kjem an på kor mange som vil delta i arbeidet.
13.september 2010:
Slanger i Edens hage ?
..heiter det visst i ei kjent bok.. og sjølv om vi har hatt ein fin sommar så har nettopp slanger vore litt meir nærgåande enn vi kan ønskje oss her oppe i feltet. Hoggormen på bildet nedanfor vart fanga heilt vest i byggefeltet tidleg i Juli.
27.juni 2010 :
JONSOKFEIRINGS BILDER
Takk Øyvind ! sjå bilder..under bilder..
24.juni 2010 :
EI TRIVELEG JONSOKFEIRING ER VEL OVERSTÅTT!
Jonsokfeiringa gjekk fint føre seg og det virka som alle slappa av og kosa seg i det uvanleg fine jonsokveiret vi fekk. Tønnegrillane a la' Arild varma godt og dei vart innvia uten klager om verken tectylsmak eller lukt. Alle såg ut til å bli mette og vel fornøgde.
Fornøyde var også Fam. Fovlen som gjorde store slem på naturstien med premier i 4 klasser. Premier i øvrige klasser gjekk til m.a. Christine H, Jørgen og Inger T., Malin T og Øyvind H.
Gratulere so mykje til alle !
Takk til Gry som administrerte naturstien med sikker hand. Dette tiltaket er kome for å bli!
Dei som har bilder frå feiringa som dei vil dele med oss andre sender desse selvfølgeleg til hogenevel@live.no
27.juni 2010 :
JONSOKFEIRINGS BILDER
Takk Øyvind ! sjå bilder..under bilder..
22.juni 2010 :
JONSOKFEIRING I HOGANE
Jonsokfeiring på nærmiljøanlegget blir det i år også.
Onsdag 23. juni kl. 18.00. Dei som vil kan selvfølgeleg fyre opp grillane før.
I år som i fjor så blir det natursti for små og store og sjølvsagt fine premiar. Ta med stol, mat og drikke og elles det du behøver.
Alle er velkomne !
Helsing Styret
30. Mai 2010 :
Vi har ei fantastisk dugnadshelg bak oss !
Arbeidet som er utført i løpet av helga er virkeleg imponerande. Nærmiljøanlegget er kome eit langt steg vidare.
Den etterlengta tilkomstvegen over elva er på plass og området er utvida slik at vi no har 2 baner å boltre oss på.
Og som ikkje det var nok så er grøntareala allereide planert og tilsådd! Og leikehuset og sklia på leikeplassen har fått seg ei grundig ansiktsløftning med ny farge.
Kjempeflott innsats frå alle som har deltatt !
Ingen nevnt = ingen glemt. (men uten Vidar og Kenneth med maskinene kunne det ha vorte tøft..)
Sjå fleire bilder frå dugnaden under valget "Bilder" til høgre på sida.
25. Mai 2010 :
Søknaden vår om spelemidlar er innvilga !
Den 19.mai 2010 tildeler hovedutvalet for kultur i fylkeskommunen kr 200.000,- til Hogane Nærmiljøanlegg.
Les meir om vedtaket her Det vil kreve mange dugnadstimer dersom vil skal få ut heile beløpet men no har vi muligheten og det er berre opp til oss.
20. Mai 2010 :
Vi gratulerer Rasmus Sætre som årets første medlem i Hogane Vel !
Blankettane er no ute i postkassene og vi oppmoder alle nye og tidligare medlemmer om å betale sjølv om fristen kanskje var sett i knappaste laget.
Dersom du har lyst å betale meir enn 350,- så gjer du ganske enkelt det, og dersom du av ein eller annan grunn ikkje finn giroblanketten så betaler berre til konto 3705 14 55712 . Navn og alle ting blir uansett registrert men skriv gjerne navnet i meldingsfeltet også.
No er PINGPONGBORDET vårt på plass !
Og 2stk fotballmål er bestillt for levering om få veker.
Alle er velkomne til å bruke utstyret men vi ber om at racketer og baller som er kjøpt inn på fellesen blir putta i (post)kassa ved bordet når det ikkje er i bruk og at alt ellers blir behandla fint.
Pingpong-turneringar kjem seinare så lykke til med treninga !
Vi i Hogane rettar ei stor takk til Stryn Ping Pong Club som har sponsa oss med øyremerka pingpong midlar. 11. Mai 2010 :
Litt om status og framdrift
Vi har kjøpt inn litt graveredskap til sandkassa på leikeplassen. Dette er merka med Hogane Vel.
Pingpongbord + racketer & baller er bestillt og undervegs.
Vi er i ferd med å bestille 2xfotballmål.
På årsmøtet vart det bestemt at vi skal legge elva i rør for å lage en meir permanent tilkomstveg til Nærmiljøanlegget frå vest. Dette er no velsigna av kommuna og rør er bestillt.
Tomt nr 16 (på austsida av Jon Åge) er selt til Odd Martin Mørk. Etter avtale med Mr.Mørk så kan vi bruke anleggsvegen til Nærmiljøanlegget fram til han støyper plata på garasja. Vi krysser fingre og håper på at det klaffer seg sånn at vi får til graving før det.
11. Mai 2010 :
Stryn Kommune gir oss 6000 kr i kulturmidlar !
Stryn Kommune har innvilga søknaden vår om kulturmidlar for 2010 og tildeler oss kr 6000,- Kjempebra !
Klikk her for å lese om tildelinga 27. April 2010 :
Våren er komen !
Snøen er reist og vi kan starte arbeidet med å ta Nærmiljøanlegget og området rundt eit steg vidare.
Vi ønskjer å få dette til å bli ein fin og naturleg samlingsplass for store og små her i byggefeltet.
På årsmøtet i mars vart det derfor gjennomgått og prioritert dei prosjekta som det er muleg å få gjort noko med i år. Klikk her for å sjå aktivitetsplan 2010
Alle som vil bidra i eit eller fleire prosjekt er hjertelig velkomne til å ta kontakt med den som er sett opp som ansvarleg og hjelpe til, eller ta kontakt med ein i Styret dersom du vil engasjere deg i noko som vi mangler ansvarleg for. Som for eksempel skoging, eller å fikse på leikehuset vårt som skriker etter hjelp.
Sjå også protokoll frå Årsmøtet her.
OBS ! Heile 13 tipparer gir no grasrotandelen sin til Hogane ! Kjempeflott ! Sjå meir info om dette og korleis du registrerar Hogane som din mottakar lenger nede til høgre på sida.
22. Mars 2010 :
Husk årsmøtet i kveld !
Sjå innkallinga her.
Vel Møtt !
3. Mars 2010 :
Årsmøte i Hogane Vel den 22.mars kl. 20.00 på Isehaug !
Velforeninga vår har no eksistert i eit år og vi ønskjer alle gamle og nye medlemmer velkomne til årsmøte for 2010. Innbydelse og meir informasjon kjem som flygeblad og oppslag seinare.
Vi i styret håpar på godt oppmøte og ber om at du allereide no set av denne måndagskvelden til Hogane Vel og den vidare utviklinga av nærområdet vårt.
Vel møtt !
24. Desember 2009 :
God Jul og Godt Nyttår !
Julehelga er like om hjørnet og snart senkar julefreden seg atter ein gong i Hogane.
I år gler vi oss også over gode utsikter til kvit jul og håper det kan bli høve til å lufte skia i romjula.
Vi ønskjer å nytte dette høvet til å takke alle dei som har vore engasjert i ulike sammenhengar i året som har gått.
Vi takker også dei 12 som så langt har registrert Hoganevel som mottakar av "grasrotandelen". Berre sia 1.September har dette gitt oss 1100,- "gratis" kroner på konto. Og over 2000,-kroner sia vi vart registrerte i April. Skriv ned org.nummer å ta med neste gong du tippar dersom du ikkje alt er registrert.
Til slutt men ikke minst så takker vi oss sjølve, vi er heile 35 familiar som no er medlem i Hogane Vel fordi vi vil utvikle nærmiljøet vårt her i Hogane til det beste for store og små.
Vi ønskjer herved alle ei riktig God Jul og eit Godt Nytt dugnadsår.
NB! Dersom nokon skulle klare å fange jule- og nyttårstemninga på eit foto eller ti, så send gullkorna til oss på hoganevel@live.no
17. Desember 2009 :
Vi har fått innvilga 35000,- frå Gjensidige Stiftelsen!
Vi har fått postivt svar på søknaden vår om bru over elva mellom leikeplassen og nærmiljøanlegget. Dette vil knyte området betre saman og gje god tilkomst til heile anlegget. Vi takker Gjensidige Stiftelsen for at dei valgte å priortere oss blant veldig mange søkarar.
16. Oktober 2009 :
Litt oppsummering frå det ekstra ordinære årsmøtet
Sjølv om frammøtet denne regnfulle haustkvelden ikkje var all verden så fekk vi den formelle godkjenninga på låneopptaktet og nokre vedtektsendringar på plass.
I tillegg brukte vi også tid på å sjå på den vidare framdrifta for Nærmiljøanlegget. Dette kan du lese meir om i presentasjonen frå møtet her. 6. Oktober 2009 :
Ekstra ordinært årsmøte i hogane Vel den 15.oktober!
Sakliste er no delt ut til alle(håpar vi) Hilda har iallefall gått runden i regnveiret og om nokon ikkje har fått så er dokke velkomne likevel. Vi oppmodar både gamle og nye medlemmer om å kome på dette møtet kl 20.00 på Smak kafe.
Det blir orientering om arbeidet sålangt og vi skal ta stilling til korleis vi skal gå fram vidare. Herunder handsaming av saka om låneopptak og prioritering av ulike prosjekt. Vi håper også på å få innspel til den vidare utforminga av anlegget. Spørsmål om valg av dekke på fotballbana, prioritering mellom BMX og skateramper, lys i julegrana, osv. vil kome opp.
Vi treng di meining! Møt opp!
15. September 2009 :
9 tipparar gir grasrotandelen sin til Hogane! Sidan vi vart registrert i mars har dette gitt oss 1000 blanke kroner i kassa. Flott!
Vi lovar å bruke pengane til gode og positive tiltak for store og små i nærmiljøet og håper fleire vil bidra. Vi oppmodar derfor alle bebuarar, besteforeldre og alle andre som har lyst til å støtte oss om registrere Hogane Vel som mottakar av grasrotandelen neste gong du tippar.
Nede til høgre på sida finn du meir informasjon om korleis du går fram. Du kan der skrive ut ei side med informasjon og ta med til kommisjonæren eller berre notere organisasjonsnummeret 993949728 og oppgi dette.
15. September 2009 :
Yes! Kommunestyret vedtok i dag å innvilge lånegarantien vår!
Dermed har vi finasiering på plass til å fullføre grunnarbeidet på den austre delen av nærmiljøanlegget. Dette må vi garantert feire med ein dugnad eller tre.
26. August 2009 :
Stryn Formannskap godkjenner søknaden vår om kommunal garanti for lån på kr 100 000 i Sparebanken Sogn og Fjordane
Garantien for lånet vært gitt som forskottering av spelemildar i samband med opparbeiding av nærmiljøanlegget og føreset nedbetaling av lån når spelemidlane blir løyvde/utbetalt.
Det vil bety mykje mykje for både små og store innbyggarar i byggefeltet her dersom vi allereide i haust kan forsette opparbeidinga av anlegget.
Ei stor takk sålangt er herved sendt til både bank og kommune.
Endeleg godkjenning vil forhåpentlegvis kunne skje i neste kommunestyremøte den 15.September. Vi håper på ei positiv handsaming også der.
Klikk her for å lese saksdokument. 23. August 2009 :
Fleire bilder frå Jonsokfeiringa er lagt ut under menyvalget bilder.
(Takk for bilda Hilda!)
4. August 2009 :
Kommuna informerer om at det vil bli utført kantklipping i hogane i den nærmaste framtid.
24.Juni 2009 :
Ei triveleg feiring av årets lysaste dag på Hogane stadion !
Det var godt oppmøte til jonsokfeiringa som i år var lagt til den nye grusbana i tilknytning til Nærmiljøanlegget. Det såg ut som alle slappa av og kosa seg med god grillmat og god drikke. Bålet i år var ikkje av dei største og det var nesten slokna før kl. 21.00. Det skuldast sikkert at vi berre hadde tørr ved til ei forandring. 20.Juni 2009 :
Som mange kanskje har oppdaga so er gravearbeidet allereide i gang!
Vi gler oss stort over at det faktisk er muleg å få til noko når alle hjelper til. Kjempeflott! Les meir om framdrifta under Nærmiljøanlegg på menyen. 18.Juni 2009 :
ANLEGGSTART PÅ NÆRMILJØANLEGGET NÆRMAR SEG MED STORMSKRITT ! JIPPI!!!!
18.Juni 2009 :
Les nyheiter frå siste styremøte under menyvalget Møtereferat.
17.juni 2009 :
JONSOKFEIRING I HOGANE !
Jonsokfeiring blir det i år også, på leikeplassen eller borte på den nye tomta som er tenkt til nærmiljøanlegg tysdag 23. juni kl. 18.00
Det er sjølvsagt lov å kome før og fyre opp grillane. Bålet må vi uansett ha på den nye tomta der vi "kveikte" opp då vi hadde dugnad.
Har du noke som skal på bålet må du gjerne ta det opp og legge det der.
Det blir tursti for små og store og sjølvsagt fine premiar. Ta med stol, mat og drikke og elles det du behøver.
Vi set opp partytelt i tilfelle dårleg vær.
Helsing Styret
02.Juni 2009 :
Leikeplassen vår skreik etter å bli klipt og det oppdaga heldigvis Jon Åge, Glimrande initiativ! (foto Aarskogen)
21.Mai 2009 :
Vi gratulerer vår staute medborger i Hogane for velutført oppdrag på 17.mai. Hipp hipp! (foto Mr. Aarskog)
14.Mai 2009 :
Vi kan gratulere oss sjølve med at heile 30 hustander no har blitt medlem i Hogane Vel!
Etter at forrige medlemsliste vart lagt ut den 28.April så har vi fått inn 5 nye medlemmer. På vegne av hustanden har følgande betalt: Geir Nygård, Arild Øvreberg, Irene Svidal, Anita Reines og Håvard Vatne. Velkomne!
Husk at det fremdeles er lett å bli medlem.
Send 200kr til 3705 14 55712 og jobben er gjort.
Velg medlemmer på menyen for sjå heile medlemslista.
29.April 2009 :
Nytt frå Vestkanten: Bilder av den nye taubana er lagt ut!
(Takk for bilda Ove. Sånt må vi ha meir av!)
29.April 2009 :
Oppdatert medlemsliste for Hogane Vel er lagt ut under menyvalget "Medlemmer."
Og om du ikkje allereide har meldt deg inn so er du fremdeles veldig velkomen til å bli medlem. Vi er begeistra for at 25 hustandar allereide er med. Kjempeflott!
19.April 2009 :
Det første bildegalleriet vårt er lagt ut under menyvalget "Bilder".
Klikk først på bildet for å velge det galleriet du vil sjå (so langt er der berre eit), og deretter på play i overkant av bildet for å starte fullskjerm framvisning eller naviger manuelt om du heller vil det. 18.April 2009 :
I følge lexikonet Wikipedia so vart ordet «dugnad» kåra til Norges nasjonalord i 2004... og no veit vi kvifor!
Det er lett å få gjort mykje på kort tid til felles nytte når so mange stiller opp. Kjempe flott! No ligger alt tilrette for å kunne lage både fotballbane, pingpong og andre ting som vil gjere byggefeltet til ein fin plass å være for store og små.
16.April 2009 :
18.April blir DUGNADS LAURDAG Kl 0900-1200 !
Vi satser på å rydde friområdet/nærmiljøanlegget for kratt og skog, samt tilkomstvegen over tomt 59/123 som Stryn Kommune solangt har gitt oss løyve til å disponere i anleggsfasen. Første mann til mølla for dei som vil sage seg ved !! Dei som vil holde på med dugnaden lenger (eller må starte litt seinare) er selvfølgeleg velkomne til det. Det som er viktig er at alle dugnadstimane blir registrert. Antall timar skal meldast til dugnadsleiar Geir Olav Øvreset på tlf 91719949 eller på mail her. 16.April 2009 :
Husk info møtet om fiberkabel / Enivest i kommunestyresalen på kulturhuset i kveld kl 19.00
15.April 2009 :
18 hustander har solangt betalt medlemskontigenten for 2009 på 200kr til Hogane Vel
Vi oppmodar dei som har "gløymt" dette om å betale kontigenten til 3705 14 55712. Medlemslister vil bli lagt ut seinare. 07.April 2009 :
Hogane Vel blir formelt og offisielt registrert i enhetsregisteret og i frivillighetsregisteret
12.Mars 2009 :
Fylkeskommunen godkjenner søknaden vår om midlar og sender den vidare til departementet for bevilgning..
Les meir om søknaden under Nærmiljøanlegg. 09.Mars 2009 :
Sparebanken Sogn og Fjordane gir oss 10000,- kr i støtte til nærmiljøanelegget.
Hogane Vel takker for støtten! Sjå Gåvebrevet
28.August 2008 :
Stryn Kommune avset 6000,- til Hogane Vel!
Midlane er øyremerkt til grovplanering av friområdet der nærmiljøanlegget er tenkt plassert og det syns vi er kjempebra! Sjå tilsagnet her
Send bilder eller andre ting og tang frå lokalmiljøet som du vil dele med andre på epost her [ Gå til toppen ]
(foto: Arild Øvreberg.)
(foto Fredheimen)
Nytt i år var også Natursti for store og små. Alle som deltok fekk premie og 1. premien gjekk (tilslutt) til The Tjellaug family. Dei kan sjå fram til eit godt måltid på SMAK kafe.
Førsteplassen gjekk egentleg til Øyvind og Nils Jørgen som hadde alle svara rett, men dei har smakt god mat frå SMAK før og det vart derfor loddtrekning mellom Tjellaug og Anne Petra som delte andre plassen. Anne Petra fekk seg i staden ein caps.
Vi takkar alle som bidrog med premier.
Du kan sjå fleire bilder frå feiringa under menyvalget bilder.
PS: Om noken har fleire bilder frå feiringa som dei vil dele med oss andre so send dei til hoganevel@live.no
Klikk her for å sjå skisse over området og tilkomstvegen(blått område) .
04.April 2009 : Stryn Ping Pong Club gir 8000,- kr av overskuddet til Hogane Vel. Pengane er øyremerkt utendørs pingpongbord med tanke på framtidige turneringar. Hogane Vel takkar so mykje for gåva og lovar hard kamp! Klikk her for å sjå pingpong bordet!

